onsdag, oktober 27th, 2010 | Author:

Kinesiske teikn kjem, som du gjerna skynar, frå Kina. Upp gjenom soga hev dei endra mykje på seg, men dei standardiserte systemi i dag er relativt strenge på bruken. I det me i Noreg kallar «Kina» (d.e. Folkerepublikken Kina elder Fastlands-Kina) nyttar dei forenkla teikn (汉子 – hànzì). I Taiwan (d.e. Den kinesiske republikken) nyttar dei tradisjonelle teikn (漢字 – hànzì), og det gjer flest alle andre kinesisktalande land og sørkoreanarar som vil briefa med teikn-evnone sine au. I Japan nyttar dei ei slags blanding: flest alle teikni er tradisjonelle, men nokre er forenkla slik som i Kina. Endå andre er au forenkla, men ulikt dei som vert nytta andre stader.

Eg hev studert japansk i godt og vel eit år no. Me byrja med kinesiske teikn i kapittel 3 i læreboki «げんき» (genki: frisk, energisk), og skulde læra oss nokre nye kvart kapittel. I byrjingi var det enkle teikn som 一、二、三、口, osb., men so fekk me ting som 新 og 結婚 utan noki rettleiding. Eg pugga teikn til kanjiprøvone, men gløymde flest alle dagen etter. Måten me lærte på er eit tema for seg, og som eg skal spara til seinare, men nett teikninnlæringi vil eg taka her.

Radikalar

Kinesiske teikn er bygde upp av radikalar, små deler som gjeng att i andre teikn. Sume kann delast inn i enno mindre bitar. Den dagen eg innsåg det, var andre semesteret; eg skulde skriva teiknet 新, og innsåg for fyrste gong at den fyrste biten var sett saman av 立 og 木. Eg vart so glad – tenk at der var system i rotet! Og eg som hadde gjeve upp tanken på nokon gong å læra meg alle dei kring 2000 vanlegaste teikni dei nyttar på japansk. Den voni vart kveikt att.

Heisig

Eg søkte litt på Netet, og fann boki «Remembering the Kanji» av James Heisig. Ho hadde gode kritikkar, og det verka som alle lærte mykje av henne, og det på rekordtid. Ein fyr kom seg gjenom den fyrste boki med 100 nye teikn kvar dag – det var heilt utenkjelegt for meg fram til då. Eit utdrag kann lastast ned frå denne sida, lenkja er heilt i botnen. Heisig hev fenge mykje ris og ros, men so vidt eg kunde sjå, både er og var der større grunn til ros enn ris. Rett nok er mange av lykelordi hans anten galne elder sers uvanlege, og sogone hans er ikkje stødt so lette å hugsa (du bør kor som er laga dine eigne), so du bør hava ei god teiknordbok (i elektronisk elder tradisjonell utgåva) å slå upp i.

Råd

Ei netsida som heiter «Reviewing the Kanji» er ein nyttug stad du kann dela sogone dine og lesa dei som andre hev laga. Fyrste teiknet (一) hev nokre gode tips, som å ikkje nytta so mange ord for pikk (du hev både «wood», «bone», «flesh sabre», og mange andre). Det kann verka lurt å nytta noko so tabu som det, men det verkar ikkje lenger når alle teikni plutselegt hev pikk i seg … Det gjeld i grunnen det meste som vert nytta av di det er so tabu at ein hugsar det. Tak deg litt god tid, for det er ingen vits i å gjera teikni fort og so gløyma deim etteråt. Tak deg tid til å laga soga i hovudet og utnytta det visuelle minnet til det ytste. Du kann arbeida i ditt eige tempo. Eg tilrår Anki til å repetera teikni i. [Uppdatert 29.03.12: eg tilrår ikkje Anki lengre, av di eg hev funne noko som er mykje betre] Skal du berre læra teikni, er det ikkje so vegtugt med etymologi, men det kann vera sers nyttugt å kunna. Til dømes er det greidt å vita at 月 (måne) og 肉 (kjøt) ser heilt like ut når dei stend saman med andre radikalar, og at Heisig difor nyttar deim som same radikal.

Framgangsmåten min

Eg nyttar Reviewing the Kanji, Wiktionary, og WWWJDIC. Der er andre au, men desse gjer nytten for meg. Eg berre klikkar meg gjenom kanjiane på netsida, so eg fær ikkje med meg alle radikalane Heisig hev i boki – det er der Wiktionary kjem inn i bilætet. Når eg kjem til eit nytt teikn, slær eg det fyrst upp i Wiktionary. Stemmer tydingi der med Heisig si, finn eg på ei soga, og gjer ho ikkje det, slær eg upp i WWWJDIC (du kann au nytta Firefox med Rikaichan – eg vil tilrå Firefox kor som er). Er ho god, nyttar eg henne, men er ho ikkje fullt so god, ser eg kva andre hev skrive. Oftast er der minst éi ovlegt god soga å velja i, men eg hev funne ut at eg lyt stoppa og laga eit mentalt bilæte av henne same kor god ho er. Tek eg berre den beste soga eg finn og spring vidare, gløymer eg henne. Når eg hev ei god soga som eg trur eg hugsar, gjeng eg vidare. Dei beste sogone for meg, er dei som er forma slik: «(…)#lykelord#(…)*del 1*(…)*del 2*(…)#lykelord#(…)». Då er teikni lettare både å lesa og skriva. Dessutan lyt dei laga gode mentale bilæte som er lette å hugsa og gjer skikkelegt inntrykk. Eg nyttar i grunnen ikkje boki, for eg hev Internet i staden, men då boki kom ut for meir enn 30 år sidan, var ho gull verdt. No for tidi er det metoden ein tarv, og den er gratis. Boki er ikkje dyr, og du tarv ikkje net for å nytta henne. Dessutan fær du kommentarane hans Heisig i tillegg, so eg vil segja ho er verdt prisen.

Til slutt litt um lesemåtar. Det kann vera freistande å læra seg lesemåten (d.e. uttalane) på teikni med det same, men det er meir effektivt å læra deim kvar for seg. Kvart teikn kann hava mange lesemåtar, men trur du ikkje Heisig hev skrive ei bok um det au, der han set det i system! Eg hev ikkje byrja på henne enno, men ho ser lovande ut.

Eg vonar alt dette er til hjelp for andre som vil læra seg kinesiske teikn på ein effektiv og gild måte. :)

Category: Ålment
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.
Leave a Reply