Friday, May 06th, 2011 | Author:

I dag fekk eg ei utfordring. Eg skulde gissa eintalsformi av /ˈʃeːɡa/ (ubund., fl., tonelag 1). Eg klarte det ikkje, men eg var visst inne på noko. Tonelaget tilsegjer eit inkjekynsord, som avgrensar dei tilgjengelege endingane ein del; i moderne sokndøl skulde den einaste eventuelle endingi vera /e/, men etter tonelaget å døma, var det lite trulegt. /ʃeːɡ/ kunde eg ikkje tru det var, so eg satsa på eit i-ljodbrigde og gissa at det skulde vera /skaːɡ/. Det synte seg at det var eit u-ljodbrigde au inne i biletet, og ein heilt uventa konsonant; svaret var /skoːɡ/, og det er visst hokyn. Dette aktive ljodbrigdet er typiskt for talemålet hans bestefar, men det er eit regelrett substantiv av same typen som /buːɡ/ > /ˈbøːɡa/.

Category: lingvistikk |  Leave a Comment
Sunday, November 07th, 2010 | Author:

Eg hev lenge grunna på um det rotiske fonemet i dialekten min er å rekna som ein stemt uvular frikativ [ʁ], elder som ein stemt velar frikativ [ɣ]. Til no hev eg funne ut at der mest sannsynlegt er ein approksimant-allofon med i bilætet, og det er au anten ein uvular [ʁ̞] elder velar [ɰ] approksimant.

Eg gjorde nett eit lingvistiskt eksperiment:
Medan eg uttala ein uvular trill [ʀ], la eg meg på ryggen. Tyngdekrafti dreg sjølvsagt drøvelen ned (bak), slik at eg ikkje kann uttala trillen lengre. Utan å flytja tunga, reis eg meg upp att – og trillen byrja att av seg sjølv. Det hev eg gjort fyrr, men so fekk eg eit hugskot: gjerna det kunde avsløra um /r/en min er ein uvular elder velar frikativ? So eg gjorde same eksperimentet med /r/en min. Då eg la meg på ryggen, vart det eit anna ljod, ein slags halvvokal med innslag av ein frikativ.
Eg freista fleire gonger, au med ulike ord; eg er no heilt viss på at eg hev minst tvo fon i /r/-fonemet min, og eg trur han ligg på grensa millom velum og uvula, men eg meiner eg kann konkludera med ein uvular frikativ [ʁ]. Eg hev au ein uvular approksimant [ʁ̞]. Dessutan trur eg eg kann segja at velar frikativ [ɣ] og/elder velar approksimant [ɰ] kann reknast under allofonet /r/ dersom eg uttalar deim i det heile.
Category: Ålment |  Leave a Comment
Wednesday, October 27th, 2010 | Author:

Kinesiske teikn kjem, som du gjerna skynar, frå Kina. Upp gjenom soga hev dei endra mykje på seg, men dei standardiserte systemi i dag er relativt strenge på bruken. I det me i Noreg kallar «Kina» (d.e. Folkerepublikken Kina elder Fastlands-Kina) nyttar dei forenkla teikn (汉子 – hànzì). I Taiwan (d.e. Den kinesiske republikken) nyttar dei tradisjonelle teikn (漢字 – hànzì), og det gjer flest alle andre kinesisktalande land og sørkoreanarar som vil briefa med teikn-evnone sine au. I Japan nyttar dei ei slags blanding: flest alle teikni er tradisjonelle, men nokre er forenkla slik som i Kina. Endå andre er au forenkla, men ulikt dei som vert nytta andre stader.

Eg hev studert japansk i godt og vel eit år no. Me byrja med kinesiske teikn i kapittel 3 i læreboki «げんき» (genki: frisk, energisk), og skulde læra oss nokre nye kvart kapittel. I byrjingi var det enkle teikn som 一、二、三、口, osb., men so fekk me ting som 新 og 結婚 utan noki rettleiding. Eg pugga teikn til kanjiprøvone, men gløymde flest alle dagen etter. Måten me lærte på er eit tema for seg, og som eg skal spara til seinare, men nett teikninnlæringi vil eg taka her.

Radikalar

Kinesiske teikn er bygde upp av radikalar, små deler som gjeng att i andre teikn. Sume kann delast inn i enno mindre bitar. Den dagen eg innsåg det, var andre semesteret; eg skulde skriva teiknet 新, og innsåg for fyrste gong at den fyrste biten var sett saman av 立 og 木. Eg vart so glad – tenk at der var system i rotet! Og eg som hadde gjeve upp tanken på nokon gong å læra meg alle dei kring 2000 vanlegaste teikni dei nyttar på japansk. Den voni vart kveikt att.

Heisig

Eg søkte litt på Netet, og fann boki «Remembering the Kanji» av James Heisig. Ho hadde gode kritikkar, og det verka som alle lærte mykje av henne, og det på rekordtid. Ein fyr kom seg gjenom den fyrste boki med 100 nye teikn kvar dag – det var heilt utenkjelegt for meg fram til då. Eit utdrag kann lastast ned frå denne sida, lenkja er heilt i botnen. Heisig hev fenge mykje ris og ros, men so vidt eg kunde sjå, både er og var der større grunn til ros enn ris. Rett nok er mange av lykelordi hans anten galne elder sers uvanlege, og sogone hans er ikkje stødt so lette å hugsa (du bør kor som er laga dine eigne), so du bør hava ei god teiknordbok (i elektronisk elder tradisjonell utgåva) å slå upp i.

Råd

Ei netsida som heiter «Reviewing the Kanji» er ein nyttug stad du kann dela sogone dine og lesa dei som andre hev laga. Fyrste teiknet (一) hev nokre gode tips, som å ikkje nytta so mange ord for pikk (du hev både «wood», «bone», «flesh sabre», og mange andre). Det kann verka lurt å nytta noko so tabu som det, men det verkar ikkje lenger når alle teikni plutselegt hev pikk i seg … Det gjeld i grunnen det meste som vert nytta av di det er so tabu at ein hugsar det. Tak deg litt god tid, for det er ingen vits i å gjera teikni fort og so gløyma deim etteråt. Tak deg tid til å laga soga i hovudet og utnytta det visuelle minnet til det ytste. Du kann arbeida i ditt eige tempo. Eg tilrår Anki til å repetera teikni i. [Uppdatert 29.03.12: eg tilrår ikkje Anki lengre, av di eg hev funne noko som er mykje betre] Skal du berre læra teikni, er det ikkje so vegtugt med etymologi, men det kann vera sers nyttugt å kunna. Til dømes er det greidt å vita at 月 (måne) og 肉 (kjøt) ser heilt like ut når dei stend saman med andre radikalar, og at Heisig difor nyttar deim som same radikal.

Framgangsmåten min

Eg nyttar Reviewing the Kanji, Wiktionary, og WWWJDIC. Der er andre au, men desse gjer nytten for meg. Eg berre klikkar meg gjenom kanjiane på netsida, so eg fær ikkje med meg alle radikalane Heisig hev i boki – det er der Wiktionary kjem inn i bilætet. Når eg kjem til eit nytt teikn, slær eg det fyrst upp i Wiktionary. Stemmer tydingi der med Heisig si, finn eg på ei soga, og gjer ho ikkje det, slær eg upp i WWWJDIC (du kann au nytta Firefox med Rikaichan – eg vil tilrå Firefox kor som er). Er ho god, nyttar eg henne, men er ho ikkje fullt so god, ser eg kva andre hev skrive. Oftast er der minst éi ovlegt god soga å velja i, men eg hev funne ut at eg lyt stoppa og laga eit mentalt bilæte av henne same kor god ho er. Tek eg berre den beste soga eg finn og spring vidare, gløymer eg henne. Når eg hev ei god soga som eg trur eg hugsar, gjeng eg vidare. Dei beste sogone for meg, er dei som er forma slik: «(…)#lykelord#(…)*del 1*(…)*del 2*(…)#lykelord#(…)». Då er teikni lettare både å lesa og skriva. Dessutan lyt dei laga gode mentale bilæte som er lette å hugsa og gjer skikkelegt inntrykk. Eg nyttar i grunnen ikkje boki, for eg hev Internet i staden, men då boki kom ut for meir enn 30 år sidan, var ho gull verdt. No for tidi er det metoden ein tarv, og den er gratis. Boki er ikkje dyr, og du tarv ikkje net for å nytta henne. Dessutan fær du kommentarane hans Heisig i tillegg, so eg vil segja ho er verdt prisen.

Til slutt litt um lesemåtar. Det kann vera freistande å læra seg lesemåten (d.e. uttalane) på teikni med det same, men det er meir effektivt å læra deim kvar for seg. Kvart teikn kann hava mange lesemåtar, men trur du ikkje Heisig hev skrive ei bok um det au, der han set det i system! Eg hev ikkje byrja på henne enno, men ho ser lovande ut.

Eg vonar alt dette er til hjelp for andre som vil læra seg kinesiske teikn på ein effektiv og gild måte. :)

Category: Ålment |  Leave a Comment
Friday, October 08th, 2010 | Author:

I dag er det hangŭl-dagen, som vert «feira» i Korea. Eg vil nytta høvet til å skriva litt um hangŭl.

Då eg gjekk på ungdomsskulen, lærte eg å skriva og lesa det koreanske alfabetet, men gløymte det snart. No, fire-seks år seinare, er eg i Japan, og fær tilbod um koreanskupplæring på engelsk. Sjølvsagt vil eg taka imot! Fyrste timen vart me litt kjende med kvarandre, og gjekk snøgt gjenom dei grunnleggjande vokalane. Læraren veit lite um lingvistikk, men gjer so godt han kann. Eg tek fonologien på eiga hand, og so kann han segja um eg uttalar ljodi rett.

I går lærte eg meg hangŭl att, med lingvistisk kunnskap i bakhovudet. Eg fann ut at hangŭl er det beste alfabetet som noki gong er uppfunne. Ålvorlegt tala, at ikkje alle ljodbaserte skriftspråk er laga på same vis! Vokalane er litt mindre logiske enn konsonantane, men der er ein slags logikk bak deim. (Eg parafraserer skamlaust frå Wikipedia. :þ)

Dei midt-høge bakre vokalane /o/, /u/, og /ɯ/ (ㅗ, ㅜ, ㅡ) er alle forma med ei liggjande strek, og dei historisk låge vokalane /a/, /ʌ/, og /i/ (ㅏ, ㅓ, ㅣ) er standande. Her er dei lista i rekkjefylgja «ljos», «myrk», og «nøytral». Dei med strek på, kann få dobbel strek (ㅑ, ㅕ, ㅛ, ㅠ) so dei fær eit [j]-ljod fyre vokalen.

Vokalane kunde setjast saman med i for å dana diftongar, men no for tidi hev dei i-umljod i staden – og so driv jamvel det og endrar seg hjå yngre talarar.

Konsonantane er dei røynlege gullklumpane. Dei er so logiske!

Velare konsonantar: uaspirert [k] og [g] er eit bilæte på tunga set frå sida: ㄱ, men streki på toppen tyder au at dei er plosivar. Aspirert [kʰ] fær ein ved å leggja til ei stek for aspirasjonen: ㅋ.

Koronale konsonantar: uaspirert [t] og [d] er nett same greida, ㄷ, men med koronal artikulasjon. Og so er det ㅌ for aspirert [tʰ]. [n], ㄴ, er heilt lik, men hev ikkje lina på toppen, for han er ikkje ein plosiv. Den alveolare flappen, ㄹ[ɾ]/[l]en er litt løygjen, men hev striker for eit flapp.

Bilabiale konsonantar: uaspirert [p] og [b] synar lippone og hev striki for plosiv: ㅂ. Aspirert [pʰ] hev ㅍ, med striki lengre uppe. [m] synar bilæte av lippone att: ㅁ.

Sibilantar: ㅅ vert lesen som [s] (mest utan sibilanse) fyre alle ljod utanom [i], då vert han [ɕ]. Han er forma etter tennene. Den uaspirerte affrikaten ㅈ [tɕ] er nett som [ɕ], men med plosivstrek på. ㅊ [tɕʰ] er heilt lik, men med aspirasjon på.

Glottale konsonantar: ㅇ [ʔ, ŋ] stend for både glottalt stopp og velar nasal. Han er forma etter glottis. ㅎ, [h], hev plosivstrek og aspirasjon i tillegg.

Hangŭl vert skrive i stavingsboksar som liknar litt på kinesiske teikn. Det er lett å lesa, og sparar plass. :)

Hurra for dette herlige alfabetet! :D

Category: Skriftsystem |  Leave a Comment
Wednesday, October 06th, 2010 | Author:

Frå eg var liten, hev eg vore glad i språk. Alt seks år gamal totte eg det var spanande med dei ymse dialektane ein talar her i landet, og korleis bestefar tala onnorleis enn far min. Det vegtugste ordet eg visste var «ku», for det skulde bøygjast rett – det skulde ikkje heita «ku’e» og «ku’en», men «kydna» og «kydnan», og det fekk folk frå granneheradet Eigersund høyra um dei sa det gale.

Då eg gjekk i tridje klasse på barneskulen, byrja me med engelsk. Det luraste eg gjorde med den engelsken eg lærte, var å læra meir engelsk ved å spela Nintendo-spel. I byrjingi laut mor mi setja um, men ho var ikkje so god i engelsk at det gjorde noko, so etter kvart laut eg nytta ordbok. Eg er glad eg fekk den ordboksøvingi au, for eg skulde ble gjenom større ordbøker enn den vesle engelskordboki mi etter kvart.

Eg vart for ålvor forviten på framande mål då eg byrja med fransk i åttande klassa. Eg lærte mykje, ikkje minst av di eg hadde ein sers god lærar. Då eg byrja med nynorsk i niande klasse var eg innstild på å læra detta nye, spanande språket, som likna so på det eg berre var van med å tala. Diverre skyna eg snart at nynorsk var det same som å skriva «gut – guten – gutar – gutane» og «bil – bilen – bilar – bilane» um att og um att og um att, og det er ikkje noko gildt. Til alt hell møtte eg folk som skreiv nynorsk til vanlegt på framhaldsskulen, og so byrja eg au med det. Eg gjekk frå å slå upp annakvart ord til å mest aldri nytta ordboki på nokre månader. Seinare byrja eg skriva høgnorsk, og so gjekk eg yver til måten Holberg vilde skriva importerte ord: nett som dei vart skrivne frå fyrr; «international» og «convention», til dømes. Eg tok den siste der sers langt, men skal freista halda meg til konvensjonell staving av framandord på dette vevritet.

På framhaldsskulen lærte eg spansk, og av di eg ikkje visste at eg kunne taka språkfag (obligatoriske) som programfag (valfrie), valde eg realfag – giss um eg angra! Til alt hell fekk eg redda universitetsutdaningi mi ved å taka tysk II og fransk III som privatist. Eg fekk god upplæring av ei vìninda. No er eg i Japan og studerer japansk, men eg lærer meir på eigi hand enn eg gjer på skulen, serskildt kinesiske teikn, som skulen berre hindrar meg i å læra. Eg hev ei ny kinesisk vìninda som lærer meg litt mandarin, og no skal eg taka koreansk ved sida, for me fekk plutselegt tilbod um det – og det leider meg til det yverskrifti handlar um.

Hobbylingvistikk

Som hobbylingvist er Wikipedia min beste vìn. Der finn eg upplysningar um alle ljodi i heile IPA, spesifikk ljodlæra for einskildspråk, og mykje anna som eg ikkje veit kva er enno. Fyrr eg kom til fyrste koreansktimen, las eg um koreansk fonologi på Wikipedia, og fann ut at fonemet /b/ vert realisert som [b] og [p], medan /p/ er [pʰ]. Då eg tala med læraren um det, skreiv eg upp [pʰ], [p], og [b] på tavla. Han hadde ikkje peiling på kva [pʰ] var, so han sagde at [p] og [b] hadde forskjellige teikn på hangŭl, men som koreanar og ulingvist kunde jo ikkje han utan vidare vita skìlnaden på [pʰ] og [p], so han berre gjekk ut frå at [p] var det han uppfatta som /p/ ([pʰ]). Det same gjeld /k/ og /g/, /t/ og /d/.

Noko av det mest forvitnelege ved å vera hobbylingvist, er at eg heile tidi finn nye ting å utfordra meg sjølv med. Til dømes dei evindelege japanske «adjektivi». Det eg hev kome fram til, er at dei rett nok er semantiske adjektiv, men at dei syntaktiskt lyt analyserast som verb og substantiv (i vestleg lingvistikk, i alle fall). Ein annan ting er korleis eg skal skriva ting. Det vert stødt ei togdraging mìllom munnlege og skriftlege uttrykksmåtar. (Elder: Det blir alltid ei tautrekking millom munnlege og skriftlege uttrykksmåtar.) Det er noko eg tenkjer mykje på.

Eg vonar den japanske samtalepartnaren min er greid og likar lingvistikk. :)

Category: lingvistikk |  Leave a Comment